Høringsuttalelser | Anti-diskrimineringsloven | Hva er Stopp Diskrimineringen? | Lovstoff | Artikler | Diskriminert? | Holocaust | Linker | Kontakt oss |
Til startsiden
Borgerrettighetsstiftelsen  STOPP DISKRIMINERINGEN
Artikler oversikt

Menneskeverdet er ukrenkeleg

Av: Jon Lilletun Parlamentarisk leiar i Kristeleg Folkeparti

 

Berit Vegheim, som er dagleg leiar i Borgerettstiftelsen Stopp Diskrimeringen, tolkar meg i verste meining når ho i Dagsavisen 26. juni hevdar at eg rangerar menneskeverdet i debatten om ytringsfridomen. Hennar poeng er at funksjonshemma bør gjevast same vern som andre diskriminerte grupper i straffelovas § 135a. Ho meiner difor at eg graderer menneskeverdet når eg forsvarar den såkalla rasismeparagrafen, sida eg ikkje samtidig tek til orde for eit liknande vern for menneske med funksjonshemmingar.

Eg er samd med Vegheim i at det er viktig å kjempe mot at menneske med nedsett funksjonsevne blir diskriminert. Eg er også samd i at vi ikkje har kome langt nok i arbeidet med å gjere samfunnet sine ulike arenaer tilgjengelege for funksjonshemma personar. KrF har lenge vore opptatt av dette.

I utkastet til vårt nye hovudprogram skriv til dømes programkomiteen: «Kristelig Folkeparti mener at samfunnet skal ha plass til alle. Målet er at alle med nedsatt funksjonsevne skal ha muligheter for personlig utvikling, deltakelse og livsutfoldelse på linje med andre samfunnsborgere. Mennesker med nedsatt funksjonsevne opplever ofte at målsettingene ikke stemmer overens med virkeligheten. Kristelig Folkeparti vil særlig rette fokuset mot behovet for bedre tilgjengelighet, bedre samordning av rettigheter og økt brukermedvirkning».

Eit fleirtal på Stortinget har gått inn for å stramme inn den såkalla rasismeparagrafen i samband med handsaminga av Ytringsfridomskommisjonen si innstilling. Rasismeparagrafen skal hindre at menneske blir grovt krenkja og hetsa på grunn av sin etniske bakgrunn eller hudfarge. Paragrafen omhandlar ikkje diskrimering på bustadmarknad, arbeidsmarknad osb. I slike høve kjem andre lover inn i biletet. Eg trur at me treng eit særskilt vern mot grove rasistiske ytringar i straffelova, fordi hetsen mot menneske med ein annan etnisk bakgrunn og hudfarge er aukande. Me har til dømes sett aukande hets og trakassering av jødar og muslimar i mange europeiske land. 

Sjølv om stortingsfleirtalet har gått inn for å stramme inn rasismeparagrafen, betyr ikkje det at fleirtalet går inn for å gradere menneskeverdet. Det er ikkje akseptabelt å krenkje menneskeverdet til noko menneske. Menneskeverdet er absolutt og ukrenkeleg, og korkje kan eller skal graderast ut frå kriterium som til dømes alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, religiøs overtyding eller seksuell legning. Det er ein viktig del av mitt og Kristeleg Folkeparti sitt menneskesyn.